Alverdagen

Alverdagen var på laurdag, og der var Nordhordland Fotoklubb - og dermed var eg der. me stod på stand frå klokka 10:30 til 15:00, og mange var innom standen vår. Personleg traff eg mange kjente, og eg hadde ein fin dag.

På biletet ser du nokre av bussjåføreane på BNR standen ved sidan av. Eg kjende fleire av dei, og på dette biletet var eg bortom og helsa på. Biletet er utløyst med fjernutløysar.