Det er vinter!

Vintyeren på Vestlandet er  ikkje alltid kvit - eller for å seia sanninga: Vinteren på Vestlandet er sjeldant kvit, men det tyder ikkje at ein ikkje kan få vakre vinterbilete.

Vinter i vest
Vinter i vest

Når natta byr på minusgrader kan det vera vakkert her på Sletta. Denne morgonen i fjor, fanga eg dette motivet. Alt lauvet var borte frå tuntreet sør for huset, og eg var tidleg oppe. Dagen helsa meg med skyer og løfte om sol, og eg kunne gle meg til dagen.


Så ynskjer eg deg ein fin dag, denne tirsdagen.