Det regnar

Ikkje noka bombe at det regnar når kalenderen viser at det snart er november, men det gjer det altså. Iskaldt regn sipar ned, og eg har mest lyst til å fyra i omnen, og krypa saman i sofaen.


Men eg er vanntett, og dessutan må eg nok setja meg I bilen for a arbeida litt. Kameraet fylgjer nok med då, og så dukkar det kanhenda opp eit unikt motiv. 

Eg har medkjensle med mannen frå Rikstv, som skal montera antenne hjå oss i dag. Han vert garantert våt... og sikkert kald. Tenkjer eg får laga kaffi til mannen, om han vil ha. Det er ikkje godt å seia kor tid han kjem, men det vert før tolv, og kanhenda været kjem seg kanskje?

Dette biletet tok eg for nokre veker sidan. Det heiter "Rain coming in", og vart fanga i Fusa. Ikkje alltid regnet er eit hinder, nokre gonger kan det ut gjera eit spanande motiv!

Men no vert det snart morgonte, og dessutan skal eg lesa litt. Så vaknar både Randi og hundane, før dagen skal rusla avgarde, denne tirsdagen og. 

Ha ein fin dag.