Eg lengtar til ein skikkeleg sommar!

Det har vore ein trist sommar med mykje regn og kalde dagar, og no er hausten på hell, og vinteren har meldt sin ankomst. Denne kalde dagen har eg kjent ein trong til å sjå tilbake til ein sommar som var lang, varm og fri for regn

Slettevegen
Slettevegen

Året var 2018, og sommaraen var knusktørr. Folk klaga og ville ha regn, men det ville ikkje eg. Me kunne ikkje grilla, men ein har då eit kjøkken, og der står det ein komfyr. Til og med ei grillpanne, står det i panneskapet vårt, så eg vel mykje heller å avstå frå å bruka grillen, og heller ha fint vær.

Området eg bur i - Sletta på Radøy - har mange fine område, og ein dag sykla eg frå Sletta mot Helland. Det var der eg fann desse motiva. Eg hadde ikkje kamera med meg, berre mobiltelefon. Men det beste kameraet som eksisterar, er det kameraet ein har med seg, så eg presenterer litt bilete frå den gamle Samsungen min.

Eg sykla og gjekk forbi myrer, skubba sykkelen opp bakkar, men brått kom eg til ein gamal oppsamlingsplass for tømmer. Dei store tømmerstokkane hadde lagt der lenge, ja så lenge at det hadde grodd mose på dei. Eg tenkte på den som hadde felt dei og slept dei hit, på kvifor han ikkje hadde fått dei vidare til nokon som kunne ha nytta dei til noko. No låg dei berre der, utsett for vær og vind. Om ikkje nokon tek hand om dei, vil dei råtna vekk, og dei stolte trea har vorte felt til inga nytte.

Kvar går vegen? For det gjekk ar innover i skogen. Ein liten sti til venstre, og ein traktorveg til høgre. Sjølvsagt kunne eg ha sykla traktorvegen, men denne dagen  kjende eg at eg hadde sykla langt nok, og var sår både her og der.

Difor let eg desse vegane vera, og snudde heimover. "Ein annan gong!" tenkte eg, og trille heimover mot søndagsmiddagen.

Så for eg tilbake og forbi endå ei myr, heim til huset eg bur i. Eg parkerte sykkelen i den gamle låven, og lagra minna på mobiltelefonen på datamaskina.


No lengtar eg mot ein ny sommar, og vonar at den blir like fin og varm som sommaren 2018.