Ein tur i Alverstraumen

Alle bruers mor

Denne dagen vil eg ta deg med ein tur langs og over Alverstraumen.

Når du kjem til Alversund og skal vidare til den grøne øya, som Radøy også vert kalla, må du over Alversundbrua. Det er ei hengebru som er 198 meter lang, vegbana heng 27 meter over vatnet, og den vart bygd i 1958.

Dette var den fyrste av bruene som vart bygd her nord for fjorden, og den har sidan vorte fylgd av mange andre bruer. Det er ei anna historie, men dette er årsaka til at brua også vart kalla "Alle bruers mor".

Då eg sjølv gjekk på Alversund skule for mest femti år sidan, var det nokre av oss som gjekk ned på brua og kasta stein på båtar som for opp og ned Alverstraumen. Eg må med skam sei at eg ikkje melde meg, då rektor Kolstad krov at dei skuldige skulle melda seg, og eg har halde tett med det heilt til denne dag. No er rektoren forlengst borte, og eg er nokså sikker på at ikkje nokon finn på å koma med represalier mot meg på grunn av dette.

Kongsholmen
Kongsholmen

Den gongen tykte eg det var spanande å stå der ute på brua og sjå ned. men då eg skulle ut på brua og ta bileta over, var det ikkje heilt det same. Eg var faktisk nokså engsteleg, og likte meg aldeles ikkje. No er ikkje 27 meter så mykje. Det tilsvarar ei bustadblokk på mellom ni og elleve etasjar, men når tunge trailarar og bussar rulla forbi rett bak meg, og bruspennet skalv, kjende eg det kitla i magen.

Målet var å få eit bilete av Kongsholmen. Eg veit fakrisk ikkje kvar dette navnet kjem frå¨, men på biletet over ser du den. Som ein diger krokodille ligg han der i Alverstraumen, og det er råd å segla forbi på båe sider. No ligg hovedleia på høgre sida, og eg har ført båtar forbi ved fleire høve. Det er ei fantastisk reise, som eg gjerne anbefaler. Det er også mogeleg å ta Sognebåten frå Bergen, og oppleva denne flotte sjøreisa. Det kostar ein bagatell.

Det er ei offentleg brygge litt lengre oppe i Alverstraumen, og dit tek eg deg no. Begge dei siste bileta er henta frå denne brygga, Over ser du ein båt på veg oppover. Ein fin vår, sommar eller haustdag, vil mange båtar dra opp og ned Alverstraumen. Spesielt om du vel det venstre løpet forbi Kongsholmen, er det lite kommersiell trafikk. Der er det plass for både saktegåande snekker, seglbåtar, og hurtiggåande småbåtar. Under overflata er det fisk, og du kan henta opp middagen frå naturen sitt eige spiskammers...

...eller du kan stogga ved vertshuset Solholmen, som du må forbi, anten du reiser oppover eller nedover. Der ventar gjestebrygge, eit godt kjøkken, fine vinar, kelnarar og god mat. Om du vil, kan kan overnatta på eit lyst og komfortabelt rom. 

Mogelegheitene er mange, og du bestemmer sjølv om du vil leggja til, eller om du vil fara vidare. 


Men ta deg i alle fall tid til å oppleva uendeleg vakre Alverstraumen.