Ettermiddag i Austrheim

Jobben min tek meg ofte til Austrheim, og denne haustdagen var ikkje noko unntak. I sein ettermiddagsol fekk eg streifa litt rundt, medan sola sakte seig i havet. 

Båthuset - naustet - stod for meg som eit monument over farne tider. I tider som var, var båten det viktigaste middelet for matauk, ved sidan av potetåkeren og skrapajorda rundt husa. Eg veit det fordi eg kjenner folk som budde her i forrige århundre, og dei fortel at båten skaffa mat på bordet, mest kvar einaste dag.

Hoplandsjøen ligg ikkje så langt frå Austrheim sentrum, og begge dei bileta du ser over er tekne der. Når eg stod der, såg eg ein båt kome inn frå nord. Eg fanga den i skjermen på kameraet eg hadde med meg, (Olympus Pen) og fylgde den innover mot kaien. Skyene hadde samla seg trugande, men sola skein frå den delen av himmelen som skyene ikkje var på.

Båtar og vatn er viktig for meg. Så mykje av livet mitt handlar om nett dette, og eg elskar å vera ved og på sjøen. Denne dagen såg eg fleire båtar, og to av dei fanga eg i kameraet. Denne siste låg ved Litlelindås kai. Eg hadde eingong ein liknande. "Lykke", var navnet den fekk, og eg hadde mange lukkelege stunder ombord i den.

Sola gjekk ned i vest denne septemberdagen også, men der eg stod på Litlelindås kai, såg eg austhimmelen. Skyene, som dagen etter skulle gje regn, dreiv inn over fjorden, og sola stod lågt på himmelen.

Eg søkjer fred, når eg er i naturen, og fred fann eg. Der nede på kaien fekk eg leggja av stresset etter dagens køyring, og freden inntok kropp og sjel.


Med dette ynskjer eg deg ein fredeleg dag!