Frå gårsdagens rusletur

For meg er det å gå i naturen noko eg gjer for å oppleva noko, og difor ruslar eg. Eg har ikkje med meg musikk eller anna som kan koma i vegen for kjensla av å koma nær naturen. 

Det å vera nær elementa gjev meg ei mest religiøs kjensle, og eg elskar denne kjensla. Det er som om eg er i ei gigantisk kytkje, ein heilag stad, og overalt rundt meg kan eg sjå - Gud.

Eg har prøvd å tru at alt det eg ser rundt meg har vorte til av seg sjølv, men eg klarar ikkje tru på det. Den storheit og overveldande skjønnheit eg ser rundt meg tek mest pusten frå meg, og eg kjenner meg nær noko heilagt.

Det einaste eg har med meg er kameraet, og det er der for ein grunn: Å ta med meg inntrykka heim. Berre på den måten kan eg dela dei med andre, og det er vel det eg har mest lyst til.

I ei Facebookgruppe "Bilder frå Nordhordland", har eg fått tittelen "Visual storyteller", og det er det eg vil vera. Ein som fortel historier med kameraet mitt. 

Det er ikkje mine historier eg fortel, det er naturen sine historier, dei same forteljingane som naturen fortalde meg. Der eg rusla rundt på aude stiar ute på Marøy, fekk eg fortalt ei historie, og i løpet av eit par timar opplevde eg korleis lyset endra seg. 

Sola gjekk bakom nokre skyer, og det vart litt mørkare. 

Sollyest fekk eit meir rosa preg, og eg måtte dokumentera det. For det er det eg er, som ein "Visuell historieforteljar": Ein som dokumenterar, vidarefortel dei historiene haturen fortel. 

Som eg gjekk vidare vestover, vart lyset svakare og raudare, og dei gyldne vart reflektert i det islagte vatnet. Så utruleg godt å oppleva denne byrjande skumringa,  og gleda over fargane som endra seg vart sterkare. Naturens medisin hadde fanga meg, gjeve meg tilbake den roa som er i naturen. Eg skulle ynskja at alle menneske måtte få oppleva dette.

Så kom eg så langt vest som eg kunne, og sola var i ferd med å forsvinna bak Øygarden i vest. Eg såg ein båt på veg vestover, i den iskalde kvelden var ein hobbyfiskar på veg vestover. Eg veit ikkje om han var på veg ut for å fiska, eller om han var på veg heim med fangst. Men eg veit at me båe to fekk vera midt i naturens vakraste skodespel, der Skaparen bøygde seg ned og berørte alt som var rundt oss. 


For ei oppleving eg hadde på min vesle rusletur denne dagen.