Gode sommarminne

Sommaren 2019 var ikkje den beste, og då er det godt å sjå tilbake på betre tider. 

I fjor - altså i 2018 - hadde vi ein lang, varm og tørr sommar. Bøndene klaga nok over tørken, men alle me andre var nok fornøgd med det fine været. Vel var det så tørt at ein knapt nok kunne tenna ein røyk utandørs, men bade- og friluftslivet blomstra.

Bileta som eg skal visa i dag vart tekne allereide i mai, og alle er tekne på Nesbø, heilt på enden av Strandavegen. Lengre kjem du ikkje, når du tek av ved Ostereide og køyrer nordover. Den dagen eg var der - eg meiner det var 17.mai - var det skikkeleg varmt. Me køyrde bubilen, og eg hadde kamera med, noko eg mest alltid har. Det var min gamle og trufaste Nikon 3100, og det var denne som vart brukt til å ta bileta med.

Når du står på kaien på Nesbø er du omgjeve av vatn på alle sider.  Då eg var der med bubilen, kjende eg det kitla i magen, når eg skulle køyra inn på kaien. Men eg trøysta meg med at bussane snur her.

Det er eit paradis. denne staden langt nordaust i Nordhordland. Ved enden av den smale Strandavegen, fann eg ei ro og fred som gav gjenklang i sjela min. Det er godt med slike stader, stader der stresset og støyen frå byen ikkje når fram, stader der sinnet får drøyma om fjerne stader ein kan reisa til, stader der det moderne samfunnet ikkje held si klamme hånd over oss.

Å drøyma, var nett det eg gjorde. Når eg såg utover fjorden, kjende eg lysten til å leggja utpå, ha vatn under kjølen, finna dei stadane eg ikkje hadde funne før. 


No sit eg her og drøymer meg tilbake til eit tidleg sommarminne frå 2018, og vonar på ein fin sommar i 2018.