Haust, snart vinter... 

Det här vore ein kald og våt sommar, og no lovar metereologane ein våt vinter òg. Nei, eg gler meg ikkje, og nett no tenkjer eg meg tilbake til dagen nede ved eit av barndomshemens vatn, Kjevatnet på Manger.

Haustmotiv er vakre uansett, og dei tidlege haustdagane er gode. Det var ein slik dag eg var der nede mellom dei gule siva. 

Eg hugsa tilbake til barndommen den dagen. Til gode dagar i leik og moro. No hugsar eg denne dagen som ein god dag, ein dag der eg fekk gleda meg over sola og lufta, over det vakre landskapet, og over dei gode minna som strøymde på. 


Ha ein fin dag!