Noko for einkvar smak.

Snart dreiar det meste seg om mat, gåver og drikke, og denne dagen - den fyrste dagen i november - har eg lyst til å koma med eit lite matinnlegg.

Eg kom inn på som vel kanhende kunne kallast ein "fedevareforretning". Ein god ven ville spandera lunsj, og eg let meg imponera av dei bugnande glasdiskane, og så gjekk tankane til førjulstid, jul og fest.

Pølsemat er viktig i jula, men kanhende ikkje akkurat desse pølsene. Sjølv om eg ikkje er nokon pølsekjennar, minner desse meg om pølser frå litt sørlegare breddegrader. På austlandet serverar ein jamvel pølse ved sidan av juleribba, men desse er vel meir egna til å ha på brødskivene.

Den ser rimeleg moden ut, osten du ser på biletet over. Godt moden ost er for sære ganar, og slik er nok min gane laga til. Eg likar å eta med både smaks og luktesans, og ostar som gamalost og riddarost er inga utfordring for denne fotobloggaren. Diverre kan eg ikkje formidla den freistande lukta i dette blogginnlegget, men du får berre ta fantasien til hjelp.

Eller kanhende du likar betre desse? Dei duftar kanhende mindre kraftig, men smaken er garantert god - uansett smak. Litt frukt ved sidan av er godt, men om eg ikkje har det, så et eg gjerne osten uten noko søtt, eller for den del utan fylgje av brød og kjeks. Litt godt i glaset er ikkje vondt, men osten og pølsene er det viktigaste..

Til frukost er pølsene sentrale, og borna mine velsignar meg gjerne med spekepølser til jul. Faktisk er det fleire år sidan eg sjølv har måtta kjøpa spekepølse, for ei jevn forsyning kjem frå arvingane mine og arvingane deira. 

Og så brødet då. I kunstferdige stablar låg dei der, ventande på ein eller annan som skulle ta med seg litt ekstra godt og duftande heim. Kanhende var det ei kone, ei mor eller ein mann som skulle overraskast, eller kanhende berre ville nokon la seg frista til å ta med seg heim litt for å få seg eit delikatessemåltid.

Eg hadde ikkje tid til å venta, så eg bestelte to gode brødskiver med eit godt lag med godt modna ost. Herleg, var det, og eg gler meg til førjulstida, for då skal eg inn att og la meg frista opptil fleire gonger.


God appetitt!