Litt personleg i dag...

Eg er av den oppfatning at ikkje alt i livet mitt egnar seg til å publiserast på nettet, heller ikkje i ein blogg. Det har ikkje alltid vore slik, men gradvis har eg byrja å halda meir av det som eg gjennomlever for meg sjølv. 

Denne dagen vil eg imidlertid vera litt personleg, fortelja litt om ting som gjekk føre seg den gongen eg var gut, og vaks opp i den vesle bygda Fyllingen.

På biletet over. ser du barndomsheimen min, slik den ser ut i 2019. I min barndom såg det annleis ut. Den gongen var heimehuset kvitmala, og det var dessutan mindre. Tilbygget på framsida eksisterte ikkje, og dessutan var det inga ark.

Uthuset som du ser nærmast kameraet, var vedhuset vårt - skjykkja - som det heiter på strilamål. Og nedanfor stod løa, med fjøsen floren - lengst nede. Løa er no riven.

Mor var mykje sjuk då¨eg vaks opp, og far arbeidde i byen. Eg budde difor aleine saman med mor, sidan dei eldre syskena flytta ut rimeleg tidleg i min barndom. Difor fekk eg tidleg læra kva sjukdom  var, både psykisk og fysisk. Eg kan hugsa at eg våka over mor før eg fylte tolv, og eg visste ikkje sikkert om ho ville overleva natta.

Eg kan hugsa at eg måtte gå til ein nabo med telefon for å ringja til legen, midt i svarte natta, for så å sitja i korgstolen på soverommet og vaka over henne til legen kom. Framleis skyr eg korgstolar. Dei gjev meg flashback til denne natta for meir enn femti år sidan.

Då legen endeleg kom, var det langt på natt, og eg hugsar godt då den lokale drosjen kom for å køyra mor til sjukehuset. Eg hugsar bilen køyra nedover vegen frå huset vårt, og eg kan høyra dei diskutera meg. "Kva skal me gjera meg guten?" var spørsmålet, og eg svara at eg skulle klara meg. Eg hadde ordna opp då mor vart sjuk, så eg skulle nok klara å finna senga mi no, når ho var trygg og eg var åleina att. Men dette kom altså ikkje på tale. Solveig Fyllingen, nabokona slo berre fast at eg skulle bu hjå dei.

Så tok ei lukkeleg tid til. Eg fekk mitt eige rom, og vart ein del av familien "sør på haugen". Solveig, Andreas, Margunn og Anne Signe laga eit trygt og godt tilvære for meg i nokre månader, og framleis presenterar Anne Signe seg som "veslesystra mi".

Eg er evig takksam for tida eg fekk bu hjå dei!

Biletet under viser ein del av standane der me leika. Denne utsikta gjev eit inntrykk av det naturparadiset eg fekk veksa opp. Det har faktisk ikkje endra seg så mykje, sidan eg var ein gut. Hestnipo, det vesle fjellet bak bygda har fått meir skog på seg, eit hus har kome til, men dette biletet får meg framleis til å kjenna på heimlengt.

Eg høyrer liksom til her i den vesle bygda i den avgøymde dalen, og eg vil alltid vera ein "Følingagut". Det er godt å høyra til, og eg har brukt mykje energi og ressursar på å "hugsa vekk" - bearbeida, om du vil - dei mindre gode minna frå tida eg budde der inne. 

I dag har eg eit godt forhold til både Hjelmås og Fyllingen, og når eg treng fred og ro, dreg eg gjerne inn dit. Då går eg på gamle tomtar, hugsar tilbake, snakkar med folk og har det kjekt.


Det er godt å framleis vera festa i røtene sine, når alderdomen byrjar å nærma seg.