Gå til mauren, du late, og vert vis. (Ord 6:6)

Det var ein gong - ei maurtue. Eg var ved denne tua ei stund, og eg hadde kameraet med meg. På overflata var det eit yrande liv, og maurane for ut og inn av små hol i tua.

Eg vart fascinert av den store tua og vart sitjande. Det var ikkje så behageleg, for maurane oppdaga meg. Dei byrja å krype på meg, men når eg vart sitjande roleg let dei meg sitja der.

I tua var det ein voldsom aktivitet. Dei små dyra for fram og tilbake, og dei unte seg ikkje ein augneblinks ro. For meg såg det ut som dei reparerte og bygde, drog nye barnåler til tua, tetta hol, og for fram og tilbake.

Eg såg nok berre nokre få av dei, og eg hadde lese at det kunne vera tusenvis av maur i ei stor tue, og denne var stor. "Tenk kor ein aktivitet det er nede i tua!" tenkte eg, men eg berre tenkte, tok biletet mitt og gjekk.

Medan eg forsiktig børsta av meg maurane som kraup på meg, tenkte eg på Kong Salomo sine ord: "Gå til mauren, du late, sjå hans vegar og vert vis." (Ord 6:6) Om alle var som mauren, ville ikkje nokon svelta.


Med dette ynskjer eg deg ein god og arbeidsom dag.