Minnebilete

Eg har kalla dette blogginnlegget "Minnebilete", fordi det skapar minner hjå meg. Det handlar om barndommen min, og om heimlengt.

Heimlengt og minner

Fyrst vil eg ta deg med til heimbygda mi, Hjelmås. Der budde eg dei fyrste seksten åra av livet mitt, og dette biletet skapar både gode og vonde minne. Ingen barndom - og for den del ikkje noko liv - er berre god. Difor er det vel med litt blanda kjensler eg ser på dette utsiktsbiletet av heimbygda mi.

No skal eg ikkje fortelja så mykje om barndommen min her, men eg kan sei at den nok vart prega av mor sin sjukdom, både fysisk og på anna vis. Det sette spor og forma meg, og slik vart eg den eg er.

Det er vel ofte slik at dei vonde minna bleiknar og dei gode dominerar. På denne måten er det nok med meg også, når eg hugsar tilbake til barndommen min for meir enn femti år sidan, Det er dei gode minna som skapar heimlengt, som gjev meg glede og lyst til å venda tilbake til heimbygda mi.

Vatna og fjellet

Vatnet - eller snarare vatna - og fjellet var viktige i barndommen og ungdommen min. Bygda der eg budde vart kalla Vassbygda, avdi det var så mange vatn der, og livet på og ved vatna dominerte. Ein kompis hadde ein liten båt, og den fekk eg bruka så mykje eg ville. I einsemda på Hjelmåsvatnet og Tressvatnet kunne eg få dagliglivet på avstand, og det kunne eg og oppleva på fjellet.

No kan mest ikkje Hestnipo, med sine dryge hundre meter over havet, kallast eit fjell. Men då eg var gut kunne eg sjå ut over sju prestegjeld frå toppen der. 

...og så kunne eg sjå horisonten i nord. Det skapte noko i meg, dette synet av havet som forsvann i nord, kanten av jordkloda, og vissheita om at bakom der låg meir, meir som eg måtte og ville sjå. Eg trur at dette, meir enn noko anna har prega meg. Det vart sådd eit frø av utferdstrang og oppdagarlyst, og sjølv no kjenner eg hugen til å finna nye stader, nye motiv, nye menneske.

Fjorden, vågen og byen

Me hadde ikkje båt, men Hjelmåsvågen var sjølve porten mot verda utanfor. Her var eg og far ute og fiska, og her kom rutebåten inn for å ta meg inn til den store byen. For meg representerte den framtid og fridom, og eg sat mange gonger på Hjelmåskaien og lengta ut og bort.

No lengtar eg tilbake, og så ofte som eg kan, fer eg inn dit der vatna, elva, skogane, fjellet og fjorden heile tida ligg og dreg på meg.


Kvifor ikkje ta fram nokre barndomsminne du og? Dei gode og kjære som ligg øvst oppe i minnet, kanhende? Eg ynskjer deg ein velsigna søndag!