Nattfoto er moro.

Å fotografera i mørkret

Noko av det kjekkaste eg veit er å ta med meg kameraet ut i den svartaste natta. Sjølvsagt er det ikkje så enkelt å samla lys når det ikkje er noko lys, men faktum er at det alltid er litt lys, så sant ein er ute. Om du berre har eit kamera som er lysfølsamt nok, kan du ta bilete mest heile natta.

No er ikkje min Olympus OM-D av dei mest lysfølsame, men nok til at eg kan festa nokså lyssvake objekt til biletsensoren bak i kamera. Dette kamera er noko heilt anna enn dei Nikon kamera eg tidlegare har hatt, men no har faktisk Nikon fått kamera som er mange gonger meir følsamt enn det eg har.

No er det du ser her, typisk for den nattfotograferinga eg driv på med. Det handlar om meir eller mindre kjende stader, lysrefleksar i vatn, rett og slett vakre ting som tiltalar augo mine.

Dette fyrste biletet er it panoramabilete som viser Knarvik. Det vart teke frå ei brygge på andre sida av fjorden, og eg brukte ei 50 - 150mm original Olympus linse. Seinare vart det handsama i GIMP, slik at det vart eit panoramabilete.

Mongstadrafineriet.
Mongstadrafineriet.

På ferja

Dette biletet er teke på ferja mellom Sløvåg og Leirvåg, gamle Melderskin. Det viser rafineriet på Mongstad. Denne gamle ferja går for full maskin på ferda over fjorden, og heile dekket eg stod på dirra. Eg vart imponert over at denne dirringa ikkje gjorde biletet meir diffust enn tilfellet var. Det var nok på grunn av biletestabilisatoren som er bygd nn i OM-D'en, og fortel diverre ikkje noko om fotografen si stødige hand.

Solholmen

Dette biletet tok eg i går, og det er teke med same utstyr som dei to bileta over. Tillike med biletet av Knarvik, er det brukt stativ på dette biletet, og eg fann ei plattform inne i ein hage, som eg kunne setja stativet på. 

Huseigaren vart litt engsteleg for kven som var der oppe ved porten hans, men då eg forklara at eg var fotograf, fekk eg lov til å stå der heile natta om eg ville. No ville eg ikkje det, men ei anna natt skal eg ut for å ta nye nattbilete, for det er noko av det mest spanande eg veit.


Livet er for kort til å sova bort alle netter, difor er eg i alle fall ute og fotograferar vekk nokre av dei,