Om å venta på ei ferje...

Om det er noko vestlendingen kan, så er det å venta på ferjer. I ein landsdel som består av fjordar og øyer, var - og er - ferja bindeleddet mellom heimbygda og resten av safunnet.

Kva gjer ein så, når ferja nett har gått, og det er ein time til neste? Mange sit og les, andre søv, atter andre berre sit og ventar på at tida skal gå, og den ventande ferja skal koma. Eg - eg tek som oftast kameraet med meg, og strekkjer på beina.

Ferja kjem
Ferja kjem

Eg likar i grunnen ferjer. Dei gjev meg rikeleg høve til nettopp å strekkja på beina, anten det er medan eg ventar på ferja, eller ombord. Eg får tid til ein kopp te, ei svele, eller ein hot dog, og dessutan er ferjeturen ei sjøreise. Då kan eg fanga nye motiv, gleder som eg kan dela med andre.

Det var ikkje så lenge å venta på ferja, men tid nok til at eg kunne sjå meg litt rundt.

Det fyrste eg såg var ein seglbåt. Ein Colin Archer som sikkert nett hadde vore ute, for storseglet var berre beslått på bommen. Eg elskar båtar, og seglbåtar er ein klar vinnar hjå meg. Denne båten låg og huska i bylgjene i havna, og eg kjende at eg godt kunne tenkja meg å koma ombord. 

Keep on dreaming....

Båtar kjem i alle storleikar og klassar, og sjøv om det var haust, var det mange som hadde båtane sine ute. Men eg må sei at dei to  eg likte best, var seglbåten øvst, og Oselvaren lengst nede på dette innlegget.


Han låg der så fint innanfor den vesle moloen, og for meg representerte han bindeleddet mellom dagens båtar og vikingskipa. 

Med dette biletet, ynskjer eg deg ein fin dag.