Regn er jammensanten fint fotovær...

I dag tok budbilen meg ut i regnværet, og du verda som det regna! Vatnet stod som ein mur framfor meg, og så oppdaga eg det: Landskapet rundt bilen fekk ei djupne som sol og fint vær ikkje fekk fram, sist eg helste på henne. (Altså sola) Eg avgjorde difor at eg ville ta kameraet mitt ut i regnet og fanga dette mystiske lyset.

Ferda førte meg til Unneland, denne regnværsdagen i oktober. Då eg hadde levert ein bagasje på ein gard, spurde eg om eg kunne få ta med meg kameraet og ta nokre bilete der, og det fekk eg lov til. Så der i det ausande regnet gjekk eg ut med kameraet mitt, og tok til å fanga haustfargar og lys.

Eg veit ikkje heilt kor lenge eg gjekk der med kameraet under jakka og såg, men til slutt drog eg det fram i regnet og fanga nokre motiv i okularet. Det var ikkje fritt at hjartet banka, for kamera, regn og vatn er ikkje særskilt gode vener.

Men eg fekk tatt dei bileta eg skulle, og Olympusen verka å ha overlevd turen ute i regnet. Vel inne i bilen vart kameraet godt tørka av, og så kunne eg køyra.

På veg opp til Unnelandsvegen att, blenda dette motivet meg. Eg tenkjer ofte på livet - på vegen me må gå uansett korleis livet og været er. Anten det er vår, sommar eller haust, eller om vinteren har frose alt til is og gøymt verda under kald snø, om livets stormar rasar, eller om sola skin frå livets skyfrie himmel. Gå må me, og me kan ikkje stogga og kvila. 

Så måtte eg ha eit bilete av denne vakre haustvegen som slynga seg framover i haustlandskapet. Eg vart sitjande i bilen, og tok biletet du ser over midt mellom intervalla på vindusviskaren.

Vel oppe i Unnelandsvegen att, fann eg dette motivet. Og sidan eg alt var i det filosofiske hjørnet, kjende eg freden frå naturen fanga meg, og eg måtte berre! Det fekk ikkje hjelpa at eg måtte flytta bilen fleire gonger for å sleppa fram bilar. Denne freden ville eg ha med meg heim - gøymt i kameraet mitt - slik at eg kunne få gjeve den til deg.


Så eg seier takk for at eg gekk lov til å rusla på tunet, takk for dei fine motiva, og takk for freden som eg fekk, og som eg fekk ta med meg for å gje til nokon som trong den.