Sjø og båtar

Eg elskar sjøen, og noko eg er spesielt glad i er synet av båtar på sjøen. Det vekkjer til live oppdagaren i meg, guten som stod på kaikanten og lengta ut, som gjerne ville vera med ut for å fiska, som drøymde om fjerne kystar og aude øyer.

Heime på guterommet las eg "Den Norske Robinson" "Ei verdsomseglig under havet", "Reisa til jordas indre", og haugevis av andre bøker. Dei styrka denne draumen, dette sterke ynskjet om å reisa.

I ettertid tenkjer eg at det nok sikkert hadde å gjera med heimesituasjonen, men no er det ikkje slik. Eg lever saman med verdas beste kone, men likevel lengtar eg ut! Og framleis kjenner eg dragninga mot sjøen og båtane.

Nei, det må vel vera noko ekte, noko som alltid har vore - og alltid kjem til å verta ein del av meg. Kanhende er det dette som er drivkrafta bak fotograferinga og: Å finna stadig nye motiv, oppdaga nye stader og menneske, ta dei med meg heim i kameraet, og så dela det med deg og andre.

Men tilbake til båtane og sjøen. Biletet over viser ei lita båthavn på Radøy. Dei ligg der, båtane, og det er ikkje så mange veldig dyre mellom dei. Men likevel representerar dei, i alle fall for meg, glede og utferdstrang. Det må vera ein grunn til at me så gjerne hiv oss i båten og leikar farande fant, så snart ferien er eit faktum. Då er det mange som deler den same utferdstrangen som eg har, med meg. Gjennom lange vinterkveldar sit dei med sjøkartet på bordet og planlegg sommarens seglas.

Så dreg me avgårde då, og fyller fjordane med farande fant. Bak kvart nes og i kvar ei vik er det båtar og folk, og Noreg vert på ny ein stor sjøfartsnasjon.

Men så kjem hausten. Sommarferien er omme, og me tek opp båten. Påhengsmotoren vert skrudd av, eller båten vert gjort klar til vinterlagring. 

Et synest at det er vemodig, når eg ser fjorden vert tømd for båtar, og eg trur ikkje eg er åleine. Kvar vinter gler eg meg til å koma på sjøen att. Det er så mange stader eg ikkje har vore, så mange strender som berre lengtar etter eit landhogg, så mange menneske eg ikkje har truffe. Dessutan vil eg gjerne kjenna den freden som det å vera på sjøen gjev.

Tenk å segla i fire knops fart... omlag sju kilometer i timen... og la stress vera stress. Berre nyta, kjenne gleda, og la tida og dagane segla si eiga lei.


Ja, livet på sjøen er fantastisk, og eg vonar at eg aldri vert heilt vaksen!