Skogstur i ettermiddagssol.

Eit foto og formidlingsproblem.

Det er ikkje alltid så enkelt å fotografera, og ei av hovudutfordringane heiter lys. Dette er vel eigentleg innlysande, sjølv for dei som ikkje tek bilete. Det er jo nettopp lyset me leier inn gjennom linsa, for så å samla det på ei billedbrikke eller film. Når lyset så er dårleg eller fråværande, så vert det som samlar seg bak i kameraet det same. No er det klart at med moderne elektroniske hjelpemidlar kan ein forbetra det originale resultatet, men eg gjer eigentleg dette til svært liten grad.

Det var for ei stund sidan at eg bestemde meg for å jakta på stemningar. og det har gjeve gode resultat. Eg arbeider med sola og elementene, anten det er skodde, regn eller skyer. Desse tinga skapar unike opplevingar hjå meg, og det er dette eg vil formidla, anten det er på bloggen min, i ei utstilling, eller om du blar i ei fotobok som eg har gjeve ut.

Skogstur med overraskingar.

Denne dagen vil eg fortelja om dagen i går, slik så mange bloggarar gjer. Eg hadde ein travel formiddag, og då eg endeleg fekk samla fotoutstyret mitt saman, hadde sola byrja å gå frå sør til vest. Det planlagde motivet låg i djup skugge, og der stod eg. Etter fleire mil med kjøyring, var dagen øydelagt. Det tenkte eg i alle fall, og så tok eg ei avgjersle: "Ein øydelagt dag kan berre verta betre, eg dreg til skogs!"

Som tenkt så gjort. Eg parkerte bilen, og labba innover i ein skog eg ikkje hadde gått i på førti år, på ein skogsveg som ikkje var der den gongen då eg var ung. Motiva kom og gjekk, men det var berre trær. Eg tenkte at eg ikkje kunne gå heim med hundre bilete av trær, og så for eg vidare, medan sola meir og meir nærma seg fjellet i vest.

Etter ei stund kom eg til ei myr, og eg labba ut på den. Heldigvis hadde eg godt fottøy, så eg vart ikkje våt og kald på føtene. Ei god stund traska eg der i myra, før eg kom ned til eit lite vatn.

Det var myr her også, og nokså vått, men eg vart gåande og trakka i den våte myra. Eg kjende den gode freden, og opplevde gleda ved den. Dei lange skuggane som tegna seg i det gule graset, vatnet som la si ro til, og ettermiddagssola som spreidde sitt varme lys over skog, vatn - og meg.

Det var dette eg ville la kameraet seia noko om, ta med meg heim og formidla. Så eg tok ein serie bilete av dette lyset som spela i graset, vart reflektert frå dei berre bergknausane, seig slik inn i sinnet mitt og gjorde dagen god.

Ein god dag endar.

Så vart eg ståande der, medan sola forsvann over fjellkammen i vest, og skumringa senka seg over tilværet. Eg tok det siste biletet på denne turen, og labba heimover att. Takksam for at livet hadde vist meg lært meg noko denne dagen og.



Så ynskjer eg deg ein god dag. Måtte du også få oppleva at naturen gjev deg fred i sjela.