Skumring og skodde på Vikanes.

Det vert berre eit bilete i dag, og dette motivet fann eg ei skumrigstund på Vikanes kai. Skodda låg tjukk over fjorden, og nokre svaner symde der ute på vatnet. Lyset var nett slik at eg fekk teke eit bilete, men framleis fekk fanga den litt trolske stemninga som skumringslyset gav. 

Det varte berre nokre minutt, dette lyset, og så var alt endra, og eg sit her og tenkjer på livet. Slik er det ofte med livet, endrar seg frå time til time, frå minutt til minutt. Så, brått er augneblinken over, og uansett kor mykje ein ynskjer seg tilbake, er høvet borte. Det kan vera born som veks opp og vert vaksne, høve som me aldri utnytta, sjansar som me berre let driva forbi - og som aldri kjem att.

Så ta vare på augneblikka, Grip dei som dei skattane dei er, for tida snur ikkje, og augneblikka får du aldri att.