Bruvik

Eg flytta til Bruvik i 2012, og budde der i seks år, til 2018. Det var gode år, men eg må innrømma at vegen inn frå Osterøybrua til Bruvik var skremmande. Ikkje få gonger måtte eg køyra over fjellet, fordi vegen var sperra av ras. Det var vel hovudårsaka til at me flytta frå Bruvik, men vakkert var det.

Turen over fjellet, med bil frå Bruvik til Lonevåg, er ei oppleving eg gjerne vil anbefala. Den tek ein times tid, men den tida er vel anvendt. Her finn du fjellgardar, hytteområde, elvar, vatn og skog. 

Alt når du køyrer vegen gjennom Bruvikdalen og opp mot fjellet, bør du stoppa og nyta utsikta ei stund. Vel oppe kan du parkera bilen og ta ein fottur, og fjellheimen på Osterøy er fantastisk.

Eit stykke inn på fjellet finn du dette vatnet. Det er mogeleg å køyra heilt ned til vatnet, og om du vil reisa opp dit med bubil eller campingvogn, er det ei rekkje stader du kan slå leir og nyta den fantastiske freden som denne naturen gjev.

Anten du kjem frå Bergen, frå distriktet eller lengre vekk i frå, vil eg anbefala ein tur til Osterøyfjella. Området som du vil finna der, sjølv om du kjem med bil, er unike. Der finn du uberørt natur, og du kan gå over alt. Allemannsretten gjer at du kan slå leir der du vil, berre du oppfører deg. Om du vil setja deg inn i reglane, kan du følgja denne linken


Så set deg gjerne i bilen og ta turen til Bruvik, stopp og handla litt på Nærbutikken, før du køyrer vidare for ei fantastisk naturoppleving. God tur!