Stein på stein.

Vestlandet er laga av stein. Kvar meter som bonden skulle dyrka, måtte ryddast for stein, noko som kunne resultert i både pyramidar og minnerøyser. Men den norske bonden var nøysom, så gråsteinen - for det er det den vert kalla - vart brukt til nyttige ting.

Slik vart steingardane til. Mil etter mil strekk dei seg. Over fjell og ned i dalar, der dei skulle markera grenser, og hindra dyra i å koma inn på åkrar og jorder. 

Dei var velbygde, dei gamle steingardane, og vitnar om tiår med slit. For ein slitar - ein dugandes arbeidskar - var vestlandsbonden. Tonnevis med store steinar vart bore på ryggen frå teigen dei rydda, til steingarden dei skulle byggja. Kanhende fortsette steingarden i ein skjeneflor eller ei utløe, andre gonger i eit uthus eller i sjølve våningshuset.

.Utløene var over alt. Dei var oppe på fjellet, ved vatna, eller ved sjøen. Over alt der det var ein slåtteteig, kunne dei bruka gråsteinen til å setja opp ei utløe eller ein skjeneflor. Der kunne tørrhøyet verta lagra, for seinare å bli bore heim på ryggen. Eller så stod skjenefloren der, slik at sauene og dei som passa dei skulle ha ein stad å søkja ly mot dårleg vær.

I dag ligg framleis steingardane der, men i vår tid har ikkje bonden stunder til å vøla dei. I traktoren og dobbeltarbeidets tid er det enklare å setja opp eit nettingjerde, og å la sauen gå utan tilsyn. Så tek naturen tilbake den vakre steingarden og dekkar den med mose og jord. 

Men når bonden ikkje er her lengre, vil kanhenda steingarden vitna om at det ein gong budde ein nøysom arbeidsmann der.