Tilbakeblikk på ein morgon.

Det er ikkje alltid lett å stå opp, når mørkret og kulden sig innover landet. Men når lyset kjem, er det ingen ting som slår det. 

Treet aust for huset er eit stort kastanjetre. Heile sommaren lagar det skugge for sola og ly for regnet, men no er lauvet borte. Som eit skjelett står treet der, men det gjev eit løfte om ein ny vår. 

Ved dette treet møter eg morgonlys et kvar morgon. Eg får retta ryggen, lyfta hovudet mot himmelen, og trekkja inn den friske lufta. 


Opplev morgonlyset du og, kjenn gleda ved den dyrebare gåva som den nye dagen er!