Travle dagar...

Det er travle dagar for ein hobbyfotograf som må finne andre stader å finne pengar enn gjennom kameralinsa. Ein kan gjerne drøyme om å tene store (eller små) summar på fotograferinga, men verkelegheita viser noko anna. Å ta bilete er stort sett ein utgiftspost. Kamera, objektiv, stativ, filter, ekstra batteri, regntrekk, kamerabag(ar), redigeringsprogram, printar(ar). øista er endelaus, og ikkje  noko er gratis. Difor må eg ut for å finna litt pengar. 

I dag gjekk jobbeturen frå Flesland til Hardanger, og deretter til Lindås. Sidan eg fyrst måtte i ei gravferd, vart det ikkje tid til å stogga for nokon av dei vakre motiva eg fann underveis, så difor får du bilete frå¨den gamle Nikonen min.

Bileta i dag er vatnmotiv, og det er vel ikkje noko uvanleg. Eg elskar vatn, og eg elskar å ta bilete av vatn, noko du sikkert har merka.

Biletet over tok eg for litt over ein månad sidan. Det vart teke på ein herleg søndagstur, og vatnet du ser heiter Hallandsvatnet. Du finn det på Radøy, der det går frå¨nord til sør. I dette vatnet finn du fleire typar fisk, og på båe sider av vatnet bur det folk.

Å gå langs eit vatn er å finna freden i livet. Ingen ting er som freden ved vatnet, og det var slik eg kjende det denne dagen. Søndagsfreden - eller heilagdagsfreden, om du fil - osa opp frå den stille overflata. Alt var i harmoni, og eg kjende at sjølve atmosfæra gav meg fred i sjela.

Heilt sør, såg eg ein stor fisk, men eg fekk ikkje fanga han i minnebrikka. Eg såg han gli innover og bort mot nokre vannliljer som flaut i overflata. Dei fekk eg fanga.


Ynskjer deg ein fin onsdag.