Ved sjøen.

Det er fint å vera ved sjøen, og ofte tek eg turen ned i fjøra for å oppleva den gode freden der. For meg er det den perfekte turen. kanhende setja meg på ein stein og snusa inn den gode angen av tang, tare og sjø, og om e er heldig kan eg koma meg utpå i ein liten båt.

Motivet er henta frå Radøy, og eg vil sei at det er typisk for øya eg bur på. Kvar vik og kvart sund er eit paradis, og for meg er alle stadene fylde med gode barndomsminne.

Det var i desse omgjevnadene eg var om sommaren. Ikkje akkurat her, for dette er på austsida av øya, men allikevel kjenner eg meg heime her. Det er som om eg framleis kan kjenne spenninga ved å reisa frå Hjelmås til Radøy, møta ferievenene mine, bada i sjøen, reisa ut og dra garn saman med svogeren min.

Jau, det vekkjer minne, og hadde det ikkje vore for at hausten var kome langt då eg tok biletet, ville eg nok hoppa uti. Kanhende tek eg turen ned neste år ein gong, skiftar til badebukse og får meg i ein symjetur i denne vakre badevika.