Vinter

Vinter - for det er det me har no. Nattefrost og rim på bilen høyrer til dagens orden, og eg kjenner på at eg må skriva litt om det i dag, om vinteren og kva forventningar eg har til tida som ligg framfor oss. Samstundes vil eg visa deg nokre vinterbilete frå år som ligg bak oss.

For eg har forventningar, Forventningar om naturopplevingar, aking med barneborn, turar med hundane, og ikkje minst forventningar om fine vintermotiv.

Over ser du eit slikt vintermotiv, henta frå Olsneset på Bruvik. Huset du ser, er huset eg budde i, og fjorden nedanfor er fjorden eg hadde båten liggjande på. Det hender eg lengtar tilbake til huset eg budde i på Olsneset. Det låg liksom for seg sjølv midt i naturen, og eg trong berre gå ut i hagen for å vera midt i naturen.

Det er vel slik eg vil ha det. Eg vil bu midt i naturen, kunna gå ut i hagen eller nedanfor huset og oppleva elementa. Finna fotomotiv som eg kan ta med og visa deg, anten det er på nettet, ei utstilling, i ei fotobok, eller på eit bilete du kan ta med deg heim og hengja på din eigen vegg.

Vintermotiv er eigentleg ikkje så enkle å fotografera. Det vert berre kvitt i kvitt, og bileta vert fargelause og utan djupn. Men motiva er der, og det er berre for meg å bruka kameraet, og bruka det mykje. Dess fleire bilete eg tek, dess fleire har eg å velja mellom. Då kan eg gje deg ei betre naturoppleving der du er.

Over ser du Sørfjorden, og bak det spisse nausttaket kan du skimta båten min. Den låg ute heile året, og ein dag skal eg ta deg med på båttur ute på den vakre fjorden.

Då vi flytta frå Bruvik til Sletta på Radøy, låg isen tjukk på Sletteosen nedanfor oss, og eg måtte ned for å fanga den med kameraet. Det var i mars eg var nede og tok dette biletet med mobiltelefonen min. Eg kunne sjå at våren var i emning, og fjæra hadde knekt opp isen langs land. Likevel skulle isen koma til å liggja lenge dette året. Vinteren hang lenge i, og kulda ville ikkje heilt sleppa taket. 

Men til slutt forsvann isen og snøen, og me fekk den finaste sommaren eg kan koma i hug.

Då hadde det vore ein vinter med herlege vintermotiv. Snø, skodde og kulde hadde sørga for dei vakraste vinterfotografia eg nokonsinne hadde teke, og det har eg forventningar til denne vinteren også. Eg gler meg til eg kan spenna truger på føtene og traska ut til skogen, der snøen dekkar dei store trea. Til dramatiske bilete av storskreda som rullar ned fjellsidene, til stemningsfulle morgonbilete og vakre solnedgangar... Ja eg forventar så mykje, og kjenner guten vaknar i ein meir enn seksti år gamal kropp.


Så no kjenner eg det kitlar i magen, og eg ventar med spenning på den fyrste verkelege snøen.