Winter is coming.

Det er framleis nokre haustfargar att, men dei forsvinn meir og meir. I mi vandring i gamle bilete, kom eg over dei eg skal visa deg i dag.

Eg vandra på gamle tomtar, i bygda eg sjølv vaks opp for ei uendelegheit av år sidan. Det var kaldt, og is og snø hadde fått makta. Slik er vinteren ofte her nord. Isen og snøen dekkar det meste, og den dekkar livet som ventar på å koma fram att.

Då eg var gut, gjekk me på skeiser på dette vatnet... det vil sei, eg gjekk lite på skeiser, men dei hine gjorde det. Eg likte meg betre på ski eg, sjølv om eg ikkje var nokon meister der heller. Det var noko med balanse, eller snarare mangel på det.

Eg hugsar godt denne elva. Om sommaren kunne me nå eit godt stykke innover med kameraten min si vesle jolle. Det var ikkje råd å ro, så me staka oss innover til det vart så grunt at me ikkje kom vidare. Så sat me der og snakka om den botnlause myra som omgav oss, smugrøykte kanhende, og var vener og kompisar som var ute på eventyr.

Denne vinterdagen var elva tilfrosen, og rimet dekka både myra og skogen som omgav ho. Men eg var framleis på eventyr, eit eventyr som eg vonar aldri tek slutt. For den dagen det vaksne livet ikkje gjev rom for eventyret, er det ikkje verd å leve.

Landskapet er i seg sjølv eit eventyr, og eg kjenner det slik at eg må ut i dette eventyret. Det held meg ung, sjølv om eg no har runda dei seksti. I den etterkvart eldre kroppen min, kjenner eg at det lever ein gut, ein yngling som lengtar ut og vekk, som vil sjå nye landskap og nye strender. Som vil utforska nye skogar, gjera landhogg på øyer han aldri har vore på før. Ynglingen vil kjenna frosen myr under skoene, varsamt trø i blautmyra som ein ikkje kan kryssa om sommaren, sitja på den vesle åsen ingen kan koma til når myra er eit botnlaust sluk.

Så let eg meg riva med av draumane. Sit meg på ein stein og dagdrøymer, medan tida går og kroppen min vert eldre - minutt for minutt. Men inni meg lever guten - barnet som nektar å verta gamal, som ikkje vil høyra på den gamle kroppen han bur i. Han ropar: "Skit i den vonde ryggen, kom deg opp og ut! Berre slik kan du fortsetja å leva."

Så reiser eg meg denne dagen og, tek kameraet med meg og går ut. Det er ikkje så kaldt som den dagen eg tok bileta du fekk sjå i dag, men eg skal gleda meg over den dagen eg lever i nett denne dagen, no i livets haust.


Så kom deg ut du og, lev livet, og ta vare på barnet som lever i deg!